Komplette ættebøker for Aurland

Aurland Sogelag har no klar to ættebøker, 1600 – 1900 og 1901-2010. Dermed er eit sterkt ønskje frå innbyggjarane i Aurland oppfylt. Særleg har det vore stor interesse for ei ættebok frå 1900 og fram til i dag. Ætteboka som kom i 1964 er trykt i nytt opplag med ein del rettingar og tillegg. Det er historikar Åsmund Ohnstad som er forfattar av den nye ætteboka og som har oppdatert den gamle.

Det vart sett ned ei gruppe personar som skulle delta med utlevering og innsamling av spørjeskjema til huslydane. Denne nemnda har vore: Olav Ellingsen, Håkon Loven, Helge Indrelid, Eldbjørg Wangen, Øystein Skahjem, Sigrid Tønnessen, Olav Loven og Johannes Ohnstad. Medlemene i nemnda har òg gjort ein del arbeid med å lesa gjennom manuskriptet før trykking.

Arbeidet starta opp i 2007. Det var fyrst bestemt at det skulle skrivast ættebok for Vangen sokn for perioden frå kring 1900 til vår tid. Boka er ei vidareføring av Bygdebok for Aurland, bind 2, som kom ut i 1964. Undervegs i arbeidet vart det bestemt at boka skulle omfatta heile kommunen og ikkje berre Vangen sokn. Ættesogene for Flåm, Undredal og Nærøy var alt skrivne i andre bøker, og kommunenivået er eit naturleg nivå for ei ættebok. I tillegg er ætteboka frå 1964 trykt opp på nytt med ein del rettingar.

Arbeidet er utført med solid støtte frå Aurland kommune og Aurland Sparebank. Aurland Sogelag takkar Åsmund Ohnstad for vel utført arbeid. Takk og til nemnda som har assistert forfattaren og til dei som har støtta arbeidet økonomisk.

Aurland Sogelag, 7. juli 2011

Noralv Distad, leiar