Om Sogelaget
Aurland Sogelag arbeider for vern og formidling av lokalhistorie i Aurland kommune. Aurland Sogelag vart skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS. Der bygde dei opp “Sivlesamlinga”. ”Sivlesamlinga” inneheld kring 100 gjenstandar og bøker etter diktaren Per Sivle. No er denne samlinga flytta til Kulturhuset på Vangen. I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Ei berande kraft i laget gjennom mange år var lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad (1911 - 2007). Kåre Sønnerheim (1921 - 2006) var styreleiar i mange år og ein sterk pådrivar i alt lokalhistorisk arbeid. Åsmund Ohnstad arbeider no med nye band i serien av bygdebøker.
Informasjon
Artiklar
Gurid Nesbø Stigen (f. 1918) fortel om korleis dei feira julaftan i Bakkane i Aurland i hennar yngre år. Det heile gjekk føre seg etter eit fast mønster og med tradisjonar frå Nesbø i Aurlandsdalen.
1. august 2010 er det 70 år sidan Flåmsbana vart sett i drift ”for midlertidig trafikk omfattende ilgods og fraktgods.” Ideen om Flåmsbana kom for nesten 140 år sidan.
Frondalen ligg 500 moh. på vestsida av Aurlandsfjorden, rett mot Åtnes. Aust for garden er det eit stort gjel, og på sørsida går det litt bratt nedover mot elva.
Kjosfossen gamle Kraftverk vart bygd for å få fortgang i drivinga av Gravhalsen tunnelen ved Myrdal, som vart rekna for og vera den lengste jernbane tunnel rundt 1900 talet.
Bøker
Den 3. boka i «Soga om Flåm» tek føre seg gardane Dalsbotn, Tunshelle, Kårdal, Melhus, Berekvam, Vidme og Brekke og stasjonsstadene Myrdal og Upsete.
Svein Indrelid, utgjeven i 2009
500 Nkr
Dei store linjer, kvardagen, dei kristne verdiane og eit forsvar for Bygde-Noreg. Hefte basert på det manuskriptet Anders J. Ohnstad let etter seg då han døydde i 2007.
Anders J. Ohnstad, 99 sider, utgjeven i 2008
50 Nkr
Aurland Sogelag har no klar to ættebøker, 1600 – 1900 og 1901-2010. Dermed er eit sterkt ønskje frå innbyggjarane i Aurland oppfylt. Særleg har det vore stor interesse for ei ættebok frå 1900 og fram til i dag.