Flåmsbana – ein sprek 70-åring og historia om ein 140 år gammal ide

Av Noralv Distad

1. august 2010 er det 70 år sidan Flåmsbana vart sett i drift ”for midlertidig trafikk omfattende ilgods og fraktgods.” Ideen om Flåmsbana kom for nesten 140 år sidan. Det var tolmodige og framsynte folk som kjempa fram dette eventyret av ei jarnbane, kvart år kåra til ei av dei mest spennande jarnbanestrekningane i verda. Mange har prøvd, men ingen har klart å ta knekken på Flåmsbana.  Og dei vil aldri klara det !

Trong fødsel

Flåmsbana hadde ein trong fødsel. Det var så mange som var i mot bana: nabokommunar, rikspressa, jarnbaneadministrasjonen, vegvesenet og skribentar i lokalavisene. Tilhengjarane av Flåmsbana med fylkesmann Christensen i spissen vart likevel vinnarar til slutt. Dei argumenterte sterkt for at ei slik bane kunne gje ny vekst både i reiselivet og næringslivet elles. Dei utnytta skepsisen til bilisme, men det viktigaste var likevel at dei tenkte langt framover og hadde ein klar visjon om ei spesiell jarnbane som skulle vinna seg ein plass både i norsk og internasjonal jernbanehistorie. Stortinget gjorde sitt avgjerande vedtak om å byggja bana den 26. mai 1923.

Lang byggjetid

Å skapa storverk tek alltid lang tid.  ”Bergensbanens far” forstmann Hans Gløersen lanserte Flåmsbana alt tidleg på 1870-talet. Fram til bana stod ferdig var det såleis nesten 70 år med debatt og planlegging, og så endeleg ein byggjeperiode på nærare 20 år. Den ville og vakre Flåmsdalen var ei stor utfordring både foringeniørane og anleggsarbeidarane. Tunnelar både for tog og elv og ikkje minst vendetunnelen vitnar om stor ingeniørkunst. For det meste vart bana bygd med handemakt, ein imponerande innsats av mange mann. Anleggsstokken varierte frå 70 til 260 alt etter storleiken på løyvingane frå Stortinget.

Post, last og passasjerar

Flåmsbana vart frå fyrste stund ein svært viktig bindelekk mellom Sogn og Fjordane og Bergen og Oslo. Det fyrste 50 åra var det ei kombinasjonsbane for gods, post og passasjertrafikk. Hovudsamarbeidspartnerane var Bergensbanen og Fylkesbaatane. Flåmsbana var såleis ein trugen tenar for innbyggjarar og næringsliv i heile fylket gjennom mange tiår.  Men nye vegar og transportformer utfordra Flåmsbana. Utover på 1980-talet vart det behov for nytenking.

Ny strategi frå  NSB – turistsatsing

I 1986 laga Aurland kommune under leiing av Leiv Horvei ein tiltaksrapport med framlegg om korleis ein skulle få til vekst i næringslivet. NSB Bergen vurderte rapporten og sende i januar 1987 eit brev til Aurland kommune der dei gjorde framlegg om å endra fokuset frå industri og godstransport til reiseliv. Dei skreiv at det ikkje kjem industriarbeidsplassar og at ein no må satsa på å byggja Flåm opp som eit attraktivt service- og reiselivssenter. I det nye trafikkbiletet må det koma nye etableringar om ikkje staden skal bli eit ”gardstun” som alle køyrer gjennom. Initiativet frå NSB vekte ein del debatt, men vart stort sett godt motteke og Aurland kommune føretok reguleringsendring til fordel for utvikling av reiselivsnæringa. På kort tid vart det i nærområdet investert for over 120 millionar kroner i reiselivet. Trafikken på Flåmsbana auka til vel 379 000 i 1994.

Venner av Flåmsbana

Tanken om å leggja ned Flåmsbana dukka opp med jamne mellomrom. Dette var ein av grunnane til at Venner av Flåmsbana vart skipa sist på 1980-talet. Venneforeningen tok vare på og formidla historia, dreiv PR-arbeid og vart eit aksjonsorgan for å sikra rutedrifta på Flåmsbana. Arbeidet fekk brei tilslutnad lokalt og nasjonalt. Styreleiarane Edvar Ølmheim og Sjur Skau makta både å setja Flåmsbana inn i eit regionalt samferdslesystem og å auka merksemda på Flåmsbana som ein stor internasjonal attraksjon. Dei arbeidde seint og tidleg og truleg er innsatsen undervurdert i høve til dei resultata som seinare vart oppnådde.

Æresmedlemene Einar Johnsen og Gudrun Moen hadde alt lenge kjempa Flåmsbana si saka gjennom aktiv marknadsføring og engasjerte avisinnlegg.

Frå  krise til opptur

Midt på 1990-talet gjekk trafikken på Flåmsbana litt tilbake. Økonomane i NSB ville stramma inn. At det ikkje skulle gå nattog var ein ting, verre var det at vintertrafikken burde avviklast. Dette vekte uro og harme i lokalsamfunnet. Folk gjorde enkle reknestykke og undrast på korleis opplagde overskotsføretak kunne framstillast som tapsprosjekt. Rett nok var det mange i NSB, ikkje minst i Bergen ved sjefane Per Engen og Kåre Selheim, som såg ei stor framtid i Flåmsbana og som sytte for at det kom midlar til å byggja ut infrastrukturen ikkje minst i stasjonsområda. Dei kjempa likevel på vikande front. Aurland kommune måtte ty til utradisjonelle grep og fekk skipa eigarselskapet Aurland Ressursutvikling og driftsselskapet Flåm Utvikling. Drifta av Flåmsbana vart privatisert, men rett nok i eit selskap med overvekt av offentlege eigarar. Det heile skjedde i forståing og etter avtale med NSB. Lokalsamfunnet kunne raskt konstatera at dei hadde rekna rett, Flåmsbana kunne drivast med solid overskot på heilårsbasis. Flåm Utvikling tok ein offensiv og sterkt marknadsorientert rolle. Olav Lühr tenkte sal frå dag ein og han reiste verda rundt for å skaffa nye kundar. Det var nok ein gong tid for opptur med trafikkvekst, store investeringar av mange ulike aktørar og auka omsetning.  I toppåret 2007 reiste 582 826 personar med Flåmsbana.

Toppen er ikkje nådd

Det har vorte heva at det er i meste laget med turistar i Flåm. Det er sagt at ein kanskje bør trappa ned litt og heller satsa på nisjeprodukt og dei som legg att meir pengar. Desse tankane vinn neppe fram. Næringslivet i Flåm og i området rundt er avhengige av vidare vekst for å oppnå forsvarlege økonomiske resultat. Sjølv om det er 250 000 overnattingar i kommunane Aurland og Lærdal kvart år, er det ledig kapasitet i alle sesongar. Trafikken i skuldersesongane og jamvel midtvinters veks, men må kraftig opp for å sikra betre lønsemd totalt sett. Flåm og området kring har eit næringsliv som treng aukande volum i turisttilstrøyminga. Dette vil nok prega satsinga også i åra framover. Og truleg er det få andre stader der det er mogleg å utvikla eit heilårs reisemål som hovudsakleg er basert på ferie- og fritidstrafikk.

Alltid vidare

Historia om Flåmsbana er og historia om dristige tankar og vilje og evne til nytenking og forandring. Dette vert nødvendig også i framtida. Løysinga ligg i tett samarbeid med andre aktørar for å utvikla heile reisemålet og i vidareutvikling av eige produkt til beste for kundane og lokalsamfunnet. Dei tilsette på Flåmsbana har alltid vore stolte av bana, servicestilte og opptekne av framtida. Dette er viktig ressurs i all framtidig satsing.