Frondalen

av Åsmund Ohnstad

Frondalen ligg 500 moh. på  vestsida av Aurlandsfjorden, rett mot Åtnes. Aust for garden er det eit stort gjel, og på sørsida går det litt bratt nedover mot elva. Her var det bru, litt sørvest for gardstunet. Mot nordvest stig fjella bratt opppover. Garden vart truleg rydda før vikingtida.

Garden er omtala i soga om kong Sverre, konge i Norge 1177-1202. Kongen og hans menn gjekk seg ville i fjella vest for Flåm. Dei kom då ned til ein gard, mykje truleg Frondalen, gjekk sidan på ein smal sti i fjellsida og kom ned til Flåm.

I Bjørgynjar Kalvskinn, ei jordebok frå kring 1320, er namnet skrive Fraundale. I 1320 betalte brukaren i Frondalen tiend til kyrkja i Flåm.

Gardsvald og avling

Garden har to stølar, Vetlestølen kring 700 moh. og Torristølen kring 1000 moh. Begge desse ligg i fjellsida litt sør og vest for garden. Litt ovanfor og vest for Torrisstølen heiter det Sauasetebotn, og det kan tyda på ein støl eller beiteområde der.

Den første brukaren etter Svartedauden var Eilev, nemnd kring 1610. Etter denne tid var det ofte skifte av brukarar på garden, noko som var vanleg i denne tida. I 1666 hadde brukaren Ole, 6 naut, han sådde to tønner blandkorn og avla seks. Truleg hadde dei noko småfe, for desse vart ikkje rekna med i teljingane. I 1723 hadde dei ein hest, seks storfe, seks småfe og dei avla 7 tønner korn.

Garden vart etterkvart meir oppdyrka og folketalet steig. I 1845 budde det to familiar her, i alt 16 personar. Dei sådde 4 tønner korn og sette 8 tønner poteter. Det vart ei avling på kring 12 tønner korn og 50 tønner poteter. Dei hadde ein hest, 14 storfe og 26 sauer. Dei hadde kvern nede ved elva, for det ville verta for tungt å frakta kornet opp og ned til Fronnes.

Innmarka på garden var i 1845 23 mål. Nesten halvparten av fôret kom frå utmarka, frå utslåttar og frå lauving. Lauv er ikkje ført opp i teljinga, men det er urimeleg at dei ikkje sanka noko lauv, slik som terrenget er rundt garden.

Utvandring og nye folk til garden

I 1840-åra heitte bonden på garden Ivar Jonsen. Han hadde kring 1827 betalt 250 dalar for garden til far sin, Jon Ivarsen. I 1840 lånte Jon 100 dalar hjå Peder Sveinsen Dyrdal, og noko seinare 200 dalar hjå Norges Bank. Ivar og kona Anna hadde sju born å brødfø, og i tillegg fekk dei no avdrag og renter som måtte betalast. I 1854 braut familien opp og utvandra til Amerika, til Freeborn County heilt sør i Minnesota.

Det kom fleire eigarar til Frondalen etter 1854. Jon Knutsen Østerbø  var den siste som dreiv for fullt, fram til kring 1900. Dottera hans, Kari, gifta seg med Ole Sjursen Lie, og då kom Frondalen inn under bruk nummer 5 i Li. Son til Ole og Kari, Jon Lie og kona hans, Marta, dreiv stølane og onna garden fram til kring 1960.