Eit studiearbeid i mellomalderen – lokalt og rikshistorisk

Av Anders Ohnstad

For å få eit breiare grunnlag, har eg kombinert lokalsoge, rikssoge og topografi. I mange år har eg vore interessert i Aurland sin mellomalder, særleg perioden 800 – 1350. Det syner seg at vår bygdesoge i Aurland mang ein gong har liner over til rikssoga og omvendt. Dei grip inn i kvarandre.

Det har valda både vinning og vanskar, ei vinning når kjeldene kunne stø opp om kvarandre, ein vanske når rikssoga ikkje fekk tak i tilfang som lokalsoga sat inne med.

Mang ein gong var ei synfaring turvande, både for rikssoga og for lokalsoga. Mange mistak kunne ha vore unngått dersom sogeskrivarane hadde kjent lokalsoga betre. Stadnamnet Grimsete t.d., heimst i Låvisdalen, er radt ei historisk kjelde. Det må ha vore eit strategisk punkt for veidefolk p.g.a sitt lægje. Derifrå hadde dei utsyn og kontroll på reinsdyri, både når dei var på beite og når dei sprang i løypnene. Ein betre kontrollpost fanst ikkje, for her såg dei heile Låvisdalen, både på nordsida og sørsida der Lyngvellene og Knutseggi hadde ei mengd fangstfeller, dyregraver, bogastille og dyrestup.

Slik er det òg på nordsida av Aurlandselvi, der veidefeltet kring Blåskavlen ogso har ei mengd dyrefeller, særleg på Leimseggi, der det ei tid må ha vorte drive storfangst. Her har nok mange, kanskje ei heil grend, jakta saman (sjå Aurland I s. 31 – 43). Veidefeltet kring Blåskavlen er like stort, eller kanskje endå større enn Låvisdalsfeltet. Ved foten av dette feltet ligg gardane Skjerdal (Skirdal), Ty, Kvam, Aas, Gjerlå, Vinjane, Aurdal, Skaim, Tero og gardane i Vassbygdi som ein halvsirkel kring dette storfjellet som stig 1809 m.o.h. Det store veidefeltet i Aurland er i grunnen delt i to av Aurlandselvi.

Korleis kan me vita at Bunasætti har drive si veiding i hundreåri før Harald Hårfagre i 880-åri tok til å driva bort gamle hovdingar og hersar? Der kjem Aud den djuptenkte si soge oss til hjelp. Men først må me sjå på den alvorlege delingi i Bunasætti.

Dei gamle hovdingane tolde ingen overkonge. Kan me ikkje slå Harald i kamp, rømer me heller landet. Og det gjorde dei. Dei slo seg ned i Irland, i Skottland og til slutt på Island. Det gjekk godt lenge, men i kamp mot keltane laut dei røma. Både Aud sin husbond, kongen Olav Kvite og sonen Torstein Raude fall i den striden. Aud gifte bort eit par av døtrene til Torstein på Færøyane. Sjølv hamna ho på Island der ho som landnåmskvinne delte ut jord til slekt og vener og kalla sin nybygde gard for Kvam.

Me skjønar av soga at Aud aldri heilt kunne gløyma Aurland og garden Kvam, der ho hadde vakse opp. Dette bandet til Kvam og Aurland er nettopp bakgrunnen for den sendeferdi ho fekk i stand frå Island til Aurland i Sogn. (Det kan me lesa om i sogehefte Aurlandsætti – på Island og her heime 1999). Her tek eg med litt av den sendeferdi som Høskuld var leiar for.

Truleg etter oppmoding frå Aud, siglde dei ikkje innom Kyrkjebø, for der hadde nok Harald sine folk teke makti. Difor siglde dei beint til Bergen og sette skipi sine på land der. Det hadde vore farleg å sigla inn Sognefjorden, for Harald sine folk sat på kongsgarden Husabø på Systrond. Der hadde dei full kontroll over ferdsla på fjorden. Aud må ha bede dei setja skipi på land og ta allfarvegen over Voss til Kvam i Aurland. Det ser ut til at denne ferdi må ha vore vellukka.

Dette Kvam i Aurland må ha vore eit hovudsete for Bunasætti før halve ætti rømde landet. Her hadde dei oversyn og kontroll både ut Aurlandsfjorden og innover mot Flåm. Dessutan var her god jord, gamal havbotn. Men det verdfullaste av alt var nok det store veidefeltet kring Blåskavlen og austover. Her kunne Bunasætti velja seg kva gard dei ville. Kvam i Utbygdi hadde mykje å by på.

Det ser ut til at Bunasætti frå gamalt av var eit veidefolk som levde i og av fjellet. Men for om lag to tusen år sidan tok dei til å nærma seg dalane og bygdene. Der nede var elvane fulle av laks og aure. Der kunne dei dyrka korn og ala bufé. Då slapp dei springa alle fjell etter reinsflokkane. Og fjellet kunne brukast til beite for buféet i sommarhalvåret. Dermed vart stølsdrifti mogeleg. Veidemannen var på veg inn i ein ny næringsveg. Men jakt og fiske fylgde alltid med som nissen på lasset. Det seiest at høgdagardane skal vera dei eldste. Det undrar meg ikkje, for veidefolket hoppa ikkje direkte ned i bygdene. Høgdagardane hadde nok lenge glede av fjellet. Men dalane og bygdene hadde mykje å by på.

Med åri vart nok veidemannen meir og meir ein buandi (buande), dvs. ein bonde som bygde seg ein gard der bufé og stølsdrift vart meir verdfullt enn veiding over alle fjell. Dette omskiftet må ha gått i langdrag, for me har enno stor glede av jakt og fiske. Mange av våre vestlandsgardar er framleis ein kombinasjon av jordbruk, stølsdrift og fiske.

Framleis går aurlendingane på reinsjakt kvar haust. For nokre er det vel ei attåtnæring, men for dei fleste er det truleg ein sport. Kystfolket kombinerte jordbruk og fiske. Folket i fjord- og fjellbygdene kombinerte mest gards- og stølsbruk med jakt i fjellet, og innlandsfisket har auka på i seinare år.

Oldsaker i danske myrar frå tidi 200-500 har vore og er ein sensasjon. Store mengder med våpen, sverd, ridesadlar og beksel må ha vore utstyr til store herstyrkar. Det har vore både sølv-og gullbeslag på mange våpen. Den danske arkeologen Jørgen Illerup meiner at mange av desse krigarane har kome frå Vestlandet i Noreg, der Avaldsnes må ha vore eit knutepunkt. Dei har gjort åtak både mot Jylland og det sydlege Sverige. Det ser ut til at dei har hatt kontakt med Romariket.

Me veit at Bunasætti på 700- og 800-talet må ha vore mykje oppteken med veiding. Stadnamnet Grimsete peikar i den lei ved sida av dyregraver, dyrestup og bogastille som finst både på sørsida av Aurlandselvi og på nordsida. Gardsnamnet Kvam på Island og i Noreg syner òg at ein busetnad må ha funne stad på 800-talet. Desse danske myrfunni fortel om ein stor aktivitet dei første 500 åri av vår tidsrekning, og det ligg nær for oss å tru at Bunasætti kan ha vore med i desse herferdene som òg kan ha vore handelsferder. Myrmalm og våpenproduksjon var nok ogso eit grunnlag for handel, Kor mykje Bunasætti har vore med i herferder og handel, er vanskeleg å seia, men me veit at ætti delte seg då Harald Håfagre storma fram i andre helvti av 800-talet. Der les me m.a. i Aud djupauga si soge at garden Kvam på Island og garden Kvam i Aurland har eit namnefelleskap. Aurland må ha vore eit sentrum for denne Bunasætti. Det ligg nær å tru at Bunasætti meir eller mindre har vore med i dei oldnorske herferdene og truleg ogso i den handelen med våpen som har funne stad i dei tider.

Som nemnt rømde mange av dei store og sterkaste då Harald Hårfagre storma fram. Korleis gjekk det då med dei som vart verande i Aurland? Brynjulv Bjørnson vart deira leiar. Dei må ha hatt sitt beste område på sørsida av Dalen, med ættegarden Sult som sentrum. Det syner seg av Aud si soge at før skiljet må hovdingane Kjetil herse, dotteri Aud og Bjørn Buna ha sete mest på nordsida av Dalen, der ikkje minst Kvam har vore eit sentrum. Etter skilsmålet sat Brynjulv som leiar for dei som vart verande i Aurland. Men det er mykje truleg at Brynjulv og hans folk ogso fekk herredøme over dei eigedomane og veiderettane som dei andre forlet.

Denne delen av Bunasætti fekk med åri meir og meir eit sentrum i Aurland, der ættegarden Sult var sentral. Der på garden har me framleis både Tinghaugen og Leikarvollen som minner om lov, rett og administrasjon. Derifrå var det etter måten stutt veg til Bergen og dertil veg austover både gjennom Hallingdal og over Lærdal og Valdres.

Sult vart eit sentrum og har vore det like fram til 1800-talet. Men i 1870-åri var dette senteret meir og meir flytt over til heilagstaden Vangen og Rygg. Det gamle namnet Sult vart litt etter litt skyvd til side og måtte vika plassen for namnet Unestad – Onnstad – etter storbonden Une. Namnet Sult lever enno i stadnamn som Sulthella (Salthella), Sult-øyri og Sultadalen (Håvasete i Frondalen).

Kong Sverre si mor, Gunhild Sultan, kom frå Sult eller Onstad i Aurland. Med kong Sverre sine ferder på 1100-talet og Sverreætti sine bragder på 1200-talet sette såleis Aurlandsætti merke etter seg både i lokalsoga og i rikssoga.

Då kong Håkon Håkonson og Margareta vart krona i Bergen i 1247, hadde mykje av stridsspørsmåli lagt seg, slik at Magnus Lagabøte kunne ofra seg for lovarbeid og få ut ei landslov.

Kyrkja på Aurlandsvangen stod ferdig i 1280-åri. Ho står på heilagstaden Vangen, rett over elvi, og har det gamle senteret Sult som næraste nabo. Folk trur, og mykje talar for, at kong Sverre på sitt dødsleie har vona og kanskje oppmoda folket om å få bygt ei større steinkyrkje på Aurlandsvangen. Den vesle stavkyrkja på Rygg stod likevel oppe til 1574. Svartedauden må ha vore nærmast umenneskeleg hard for Aurland. Etter munnlege overleveringar skal berre 6–7 menneske ha å overlevd pesten sine herjingar.

Aurland si stordomstid var slutt. Absalon Pedersøn Beyer er på gråten når han skriv om nedgangstidene. Eit smertefullt tap av sjølvstyre førde til at framande herrar kom inn i styringsverket. ”Sic transit gloria mundi,” skriv han, som fortel at ”slik forgår verdens herlighet”.

Som sagt, sette Sverre sin kamp på 1100-talet og Sverreætti sine bragder på 1200-talet sine merke både i lokalsoga og i rikssoga. Stadnamn og segner, slike som forteljinga om Sversgong i Frondalen og hans ferd gjennom Skirdal og Raudafjell, lever enno. Namnet Sversgong lever både i Aurland og i Flåm og på Soleifletene ved Raudeggi. (Raudafjell–i dag: Raudeggi–) På Raudafjell fann dei for nokre år sidan eit saksesverd som mange trur er frå den dramatiske ferdi i 1177. Små hesteskor har dei òg funne i dei fjelli. Somme trur det er rester av Sverre sitt utstyr då snøstormen tok livet både av herfolk og hestar. Ei av segnene seier at bonden i Frondalen, der dei til slutt kom ned, var vegvisar til den bratte gangstigen inn Midnosli til Brekke. Segna kan vera usikker, men stadnamni byggjer ofte på historiske hendingar.

Mine eldste heimelsmenn, slike som Torald og Eirik på Feten, brukte på sine gamledagar uttrykket ”folket på Sult”. Gjennom meir enn 500 år har Bunasætti og Sverreætti sett sine spor på vår lokalsoge og vår rikssoge.