Nærøyfjorden – geologi og utforming

Av Inge Aarseth

Den 17 km lange Nærøyfjorden inst i den 204 km lange Sognefjorden er ein av dei villaste og mest imponerande fjordane i verda. Fjorden er spesielt smal og trong, då det er fjell og brear som når over 1700 moh. på sidene, og fjorden er berre 250 m brei på det smalaste.

Dei eldste bergartane i området rundt Nærøyfjorden vart forma i perioden prekambrium, for meir enn 1000 mill. år sidan. For omlag 425 millionar år sidan kolliderte det Nordamerikanske og Europeiske kontinentet og den kaledonske fjellkjeda vart danna. Bergartane vart utsett for høgt trykk og høg temperatur og vart omvandla. Slik oppstod ulike bergartar. Dei dominerande bergartane i dette området er mangeritt, gabbro, og anortositt.

I perioden tertiær, for 66-2,5 mill. år sidan, heva dei norske fjella seg og elvar byrja å grava ut dalar. I kvartærtida, (dei siste 2,5 mill. år) har det vore 40-50 istider i Nord Europa. Isbrear har greve dalane djupare og breiare, og etter ei tid grov breen djupe trau ned under havflata. Når breane smelta kom sjøen inn og fjordane var forma. Under siste istid, frå kring 115 000 til 10 000 år sidan, var isbreen over Skandinavia opp til 3000 meter tjukk og landet vart trykt ned. Når breen kalva attende stoppa brekanten ei tid ved Bakka, og det vart lagt opp ein morenerygg slik at fjorden er ekstra grunn der. Ved utløpet av Jordalen vart det også lagt opp grusmassar i eit delta ut i fjorden, noko som viser at sjøen på den tida (for 11000 år sidan) stod kring 110 meter høgare enn i dag.