Vestnorsk fjordlandskap – verdsarvområde

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap består av nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i Verda. Det dramatiske og inntrykkssterke landskapet der avstanden mellom ein frodig kyst og karrigare høgfjell er ekstremt kort, er for mange sjølve symbolet på Noreg. Dette er kanskje årsaka til at det norske ordet ”fjord” er del av det internasjonale språket. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Til saman med omgivnadar utgjer områda 1227 km2, der 107 km2 er sjøareal.

Begge delområda er utan større tekniske inngrep og har mykje til felles. Samla har områda kvalitetar som gjorde at dei vart innskrive på Unescos liste over verdas kultur- og naturarv i 2005 etter å ha oppfylt to av dei naturfaglege kriteria under konvensjonen. I grunngjevinga for innskrivinga uttaler komiteen:

Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.