Framveksten av reiselivet i Flåm

Av Noralv Distad

Flåm er i dag både eit reisemål og eit trafikknutepunkt. Her finn dei reisande både sterke og varierte opplevingsprodukt og eit pulserande servicesenter. Flåm er ein av dei få turiststadene der servicefunksjonane med butikkar og servering også i seg sjølv er eit attraktivt besøksmål. Nøkkelen til suksess har vore storslegen natur, kommunikasjonsutvikling, visjonar, evne og vilje til strategisk satsing. I denne artikkelen skal me sjå på korleis reiselivet har vakse fram som næring med basis i dei nemnde suksessfaktorane.

Fretheim og Flåm

Flåm er namnet både på bygda og på garden ved kyrkja litt oppe i dalen. Nede ved fjorden ligg garden Fretheim. Dette har heile tida vore tyngdepunktet i den forretningsmessige delen av reiselivet og var lenge og namnet på sjølve reisemålet. Fretheimsnamnet lever i dag vidare i det tradisjonsrike Fretheim Hotell og i dei yngre Fretheim Fjordhytter. Men Flåm har teke heilt over som namn på reisemålet.

Dei eldgamle ferdselsvegane

Flåmsdalen er eit par mil lang med busetnad og stølar heilt opp i høgfjellet. Ferdselsvegane gjekk vidare frå dei siste Flåmsstølane til nabobygdene Voss via Raundalen, til Ulvik i Hardanger og til Hallingdal. Det var nok fyrst og fremst handelsfolk som brukte desse vegane. På Hallingsskeid var det marknad og her møttest sogningar, hardingar og hallingar til handel og konkurransar som etterlekken skeid viser til.

Dei som fòr i Flåmsfjella hadde likevel ikkje alltid berre fredlege mål. Hærane brukte og dei gamle ferdselsvegane i den tida det var strid om kongemakta. Kong Sverre fylgde såleis den gamle stigen frå Frondalen til Brekke då han i 1177 kom til Flåm etter å ha vore utsett for eit forrykande uver på vegen mot Voss. I 1198 fòr Sverre nok ein gong forbi Flåm.

Dei gamle ferdselsvegane var enkle stigar, ofte med bratte og vanskelege parti. Det dei tapte på at det var bratt vann dei att ved at stigane var lagde slik at dei tok kortaste leia og då gjerne over dei høgste fjella. Elvane baud og på store utfordringar for dei hadde lite å hjelpa seg med til brubygging.

Dei lokale hadde ikkje bruk for vegvisarar, anna enn dei vardane dei sette opp i høgfjellet der skodde og snøkavar ofte fjerna nesten all sikt. Dei tilreisande derimot måtte ha hjelp av lokalkjente for å ta seg fram mellom bygdene. Fjellføring vart nok tidleg ei god attåtinntekt for dei som budde langs ferdselsvegane.

Løytnant Breton i Flåm 1834

Marineløytnant William Henry Breton føretok i 1834 ei omfattande reise i Norge. Han kom inn Aurlandsfjorden og overnatta på Fretheim før han og fylgjet hans drog vidare til Osa i Hardanger.

Her er eit utdrag av reiseskildringa som kom på trykk i 1835:

«På Fretheim, hvor det vrimler av laks og ørret i en elv tett ved, måtte vi ennu en gang vente 24 timer på hester. Folk nektet plent å skaffe meg noen hvis jeg ikke betalte en ublu pris. Et nytt bevis – blant mange – på deres tilbøyelighet til å utnytte turisten når som helst de kan gjøre det ustraffet. Og altså også et bevis på det meningsløse i å fremstille dem som mer aktverdige enn resten av menneskeheten. Huset var hyggelig, vakkert beliggende og tilhørte en velstående bonde, som var meget oppmerksom og tjenstvillig.»

Denne skildringa viser at (nok) av og til var turistar eller andre reisande i området og at dei som budde her var interesserte i å tena pengar på dette. Den vidare skildringa viser at fleire menn vart med som vegvisarar over fjellet via Upsete («Sætrenes dal» som han skriv) mot Osaskavlen. Men dette var ikkje ei vanleg rute og han måtte få seg ein ny guide det siste stykket.

Lordane kjem til Flåm

Frå 1840-åra kom det engelskmenn til Flåm. Naturen, og ikkje minst laksen i Flåmselvi lokka dei velståande lordane hit. Det var vel ikkje nett alle som var lordar, men det var greiast for bygdefolket å bruka denne nemninga på alle desse velståande framandfolka. Lordane hadde trong for overnatting, mat, klepparar og turguidar i fjellet. Charles Henry Spencer George Canning som var den andre baronen av Garvagh i Londonderry, Nord Irland, underteikna i 1868 ein langsiktig leigekontrakt med dei fleste grunneigarane. Seinare gjekk desse rettane over til lordane Wigram og Ingram.

På Fretheim tok dei vel i mot desse gjestene og dei såg nok eit stort potensiale i den aukande turisttrafikken. Christen Fretheim flytte gardshusa ned til sjøen kring 1880 og han sette opp ein eigen bygning til gjestene. Engelskvillaen frå 1882 var såleis starten på hotelldrifta i Flåm.

På veg frå utkant til sentrum i turistferdsla

Før 1900 låg Flåm som ein litt stille og fredeleg utkant i turistsamanheng. Det var Gudvangen som var det store trafikknutepunktet og reisemålet i Aurland kommune. Nærøyfjorden og Nærøydalen med Stalheim er store attraksjonar i seg sjølv, og i tillegg var dette hovudvegen mellom Vestland og Austland. Også kommunesenteret Aurland ved Aurlandsfjorden og Aurlandsdalen mot aust hadde ein noko sterkare posisjon enn Flåm.

Men samferdslemønsteret endrar seg heile tida i takt med nye krav og teknologisk utvikling. I siste halvdel av 1800-talet skjedde det store endringar og framsteg. Det vart rutegåande dampskipstrafikk på fjordane, anløp av cruiseskip, breiare og betre køyrevegar og jarnbaner. Alle desse nye tiltaka vart etterkvart interessante for Flåm.

I 1890 fekk Flåm to anløp kvar veke av dampskipet som gjekk i rute mellom Sogn og Bergen. No handla bonden på Fretheim. Eit par tiår før var bygdevegen nedover dalen utbetra ein god del og omlagd og flytt frå Brekkesida til Fretheimssida av elva. I 1894 gjorde Stortinget vedtak om å byggja Bergensbanen og vegen i Flåmsdalen vart no ombygd med tanke på å verta ein hovudveg heilt opp til Myrdal. På Fretheim var det ein lagleg plass for kai og denne vart bygd i 1897. No vart det fleire år med anleggverksemd. Dette gav trafikk i seg sjølv. Og når alt stod ferdig, ville turistane koma i store tal. Det vart difor sett i gang ombyggingsarbeid med tanke på å utvida hotellkapasiteten og i 1897 stod Fretheim Hotell klar til å ta i mot gjester, men berre med 15 rom i fyrste omgang.

Gardsturisme

Fretheim var ein stor gard og dei stod seg jamt bra økonomisk. Difor hadde dei og høve til å satsa når dei såg at det var utsikt til økonomisk vinning. Det gjekk likevel lenge før turisme vart ei hovudnæring. Bøndene var helst skeptiske til endringar. Det eine var at det skipla det tilvande livet, det andre og viktigare var at dei ottast for auka skattetrykk for å finansiera offentlege tiltak. Noko anna var det om dei kunne få klingande mynt av å selja fiskerettar eller tilby overnatting. Bonden på Fretheim hadde solid økonomi og såleis evne til å både å tenkja visjonært og til å investera. Han såg føre seg ei framtid med inntekter frå samferdsle, post og turisme. Gardsdrifta låg likevel i botn, han var meir bonde enn turistvert. Inntektene frå sjølve gardsdrifta var lenge det viktigaste, men inntekter frå andre aktivitetar gav grunnlag for å utvikla eit breiare næringsgrunnlag.

Vatnahalsen – turisme på toppen av Flåmsdalen

I 1896 vart det bygd hotell på Vatnahalsen. Tanken var å tilby kuropphald for dei som hadde tuberkulose og grunnleggjar var dr. Håkon Fretheim. Det utvikla seg straks til rein hotelldrift og det vart etter kvart bygd mykje ut. Vatnahalsen vart kanskje det fyrste hotellet i Sogn og Fjordane som fekk elektrisitet og det vart tidleg rikstelefonstasjon. Det var sjølvsagt dristig å byggja eit hotell 820 meter over havet eit par år før vegen opp Flåmsdalen var klar og vel eit ti- år før Bergensbanen opna i 1909. Men det var sjølvsagt desse nye samferdsletiltaka som var grunnlaget for satsinga, det var om å gjera å vera i posisjon når turistane kom. Og dei tenkte rett, turistane kom frå både inn- og utland. Nokre sa at Vatnahalsen hadde potensiale i seg til å bli Nordens St. Moritz.

Vatnahalsen var før siste krigen eit staseleg hotell med heile 126 rom. På slutten av 1930-åra var hotellet ope også om vinteren og det var stor påsketrafikk. Ein av NRK sine korrespondentar ferierte på Vatnahalsen då krigen i Norge braut ut. Han trong rekreasjon etter strabasiøse reiser i utlandet for å dekka krigsutbrot og internasjonale spenningar. Då han over radio høyrde om den tyske invasjonen gjekk han opp på Myrdal stasjon for å få telegrafisk kontakt med kringkastinga og han drog herifrå tilbake til Oslo.

I ein periode frå 1929 gjekk Marthe Fretheim som og var eigar av Fretheim Hotell, inn på eigarsida i Vatnahalsen. Dette var ei strategisk investering på hotellsida, men endå meir med tanke på levering av landbruksvarer frå Fretheimsgarden. Det var dårlege tider i landbruket i 1930-åra. Prisane var låge og då var det lønsamt å kunna levera til eiga verksemd.

Vatnahalsen Hotell brann ned det fyrste krigsåret.

Bergensbanen – «vår generasjons storverk»

Bergensbanen vart offisielt opna i 1909, med stasjon på Myrdal. Dermed var Sogn og Fjordane på jarnbanekartet. Og meir enn det; det var eit nytt samband til hovudstaden og til Bergen. Gjestene kunne no koma raskt inn til Sogn via Flåm der båtane venta og tok dei med seg til fjord og brear. Dette nasjonale storverket gav difor vekstimpulsar ikkje berre til Flåm og Aurland, men til heile regionen.

Skyssing i Flåmsdalen

Vegen i Flåmsdalen og Bergensbanen opna for ny næringsverksemd. Det var mange reisande som skulle ha skyss opp og ned Flåmsdalen. Fretheim Hotell tilsette difor fleire skysskarar, særleg om sommaren. Christian Fretheim oppretta skysstasjonen i 1902 og denne var i drift heilt til det vart passasjertrafikk på Flåmsbana 40 år seinare. Fretheim Hotell hadde ikkje monopol på skyssinga og det var hard konkurranse om kundane. Det var ein lang og hard transport for hestane og det var nødvendig med hestepoliti og bygging av stall på Myrdal. Det siste skjedde med midlar frå Bergens Dyrebeskyttelsesforening. Opp dei bratte Myrdalssvingane vart passasjerane oppmoda om å stiga av vognene. Det var dei med pengar som kunne leiga hesteskyss. Mange reisande gjekk den 20 kilometer lange Flåmsdalen, ein tur på kring 4 timar og kanskje vel så det når dei hadde ryggsekk eller ein koffert på ein staur over herda.

Sterk utviding av hotellkapasiteten

I 1909 vart Fretheim Hotell bygd ut, neppe tilfeldig med tanke på at Bergensbanen opna same året. Vatnahalsen Hotell vart og utvida på denne tida. Faktisk hadde det vore litt persontrafikk med jarnbana også eit par år før den offisielle opninga. Dette synte at det var interesse i marknaden for å reisa via Myrdal til Flåm. Trafikken auka raskt, men fekk eit tilbakeslag ved utbrotet av den fyrste verdskrigen. Marthe Fretheim var drivande hotellvertinne og eigar frå 1922. I hennar tid vart hotellet igjen utvida, det skjedde i 1926 og tre år seinare gjekk ho og sterkt inn i Vatnahalsen Hotell. Marthe Fretheim var ei visjonær og strategisk forretningskvinne. Ho tenkte heilskap og marknad. Gjestene skulle stå i sentrum og alt skulle vera velstelt, både inne og ute. Fornøgde gjester kom att eller anbefalte andre å reisa hit. Ho såg med stor skepsis på dei flytande hotella, det som no vert kalla cruisetrafikk, og ottast at dei ville ta mykje trafikk frå hotella. Dei som har eigd og drive Fretheim Hotell har alltid vore opptekne av å ha ein sterk stilling i høve til konkurrentane og helst ein tilnærma monopolsituasjon. Som stor grunneigar hadde dei og godt høve til å styra andre etableringar.

Flåmsbana

Flåmsbana er no rekna som ei av det mest spennande jarnbanereisene i verda. Men bana hadde ein trong fødsel. Det var så mange som var i mot bana: nabokommunar, rikspressa, jarnbaneadministrasjonen, vegvesenet og skribentar i lokalavisene. Tilhengjarane av Flåmsbana vart likevel vinnarar til slutt. Dei argumenterte sterkt for at ei slik bane kunne gje ny vekst både i reiselivet og næringslivet elles. Dei utnytta skepsisen til bilisme, men det viktigaste var likevel at dei tenkte langt framover og hadde ein klar visjon om ei spesiell jarnbane som skulle vinna seg ein plass både i norsk og internasjonal jernbanehistorie. Byggjetida vart lang, heile 20 år fram til opninga i 1940. Nede i Flåm vart det og endringar. Det måtte fyllast i fjorden for å få plass til eit tenleg stasjons- og kaiområde. Strandlinja vart såleis flytt og hotellet miste den nokså direkte kontakten det hadde hatt med fjorden.

Turistnæringa hadde naturleg nok store vanskar under og like etter krigen. Det tok likevel ikkje mange år før turistane var ei stor passasjergruppe. Deit fyrste åra reiste kring 50 000 personar med bana kvart år. I 1969 var talet oppe i nesten 121 000 og i 1979 176 000 og innslaget av turistar vart stadig større. Det turistane kan sjå på turen, er makelaus ingeniørkunst, sprelske fossar og majestetiske fjell langs eit dalføre som til og med er busett året rundt. Koplinga til Bergensbanen på toppen og fjorden og rutebåtane nede ved Flåm stasjon forsterkar produktet og opnar for volumtrafikk som er heilt unik for ei lita bygd. Dei som reiste med bana vart sterke ambassadørar og Flåmsbana fekk snart eigne avsnitt eller kapittel i alt som var av brosjyrar og reisehandbøker.

Folk slutta ikkje å gå i Flåmsdalen etter at Flåmsbana opna. No vart det lett transport til toppen og så er det ein fin gåtur på 4 – 5 timar ned dalen. Dei siste tiåra har det og vore stor sykkeltrafikk ned dalen. Nokre syklar frå Vatnahalsen eller Myrdal, andre kjem heile Rallarvegen frå Haugastøl, eller litt kortare frå Finse.

Norway in a Nutshell

Norway in a Nutshell er i dag ein svært kjent rundtur og ei merkevare. Dei obligatoriske elementa er Flåmsbana, Aurlands- og Nærøyfjorden og Nærøydalen med Stalheim. I tillegg kjem ulike strekningar av Bergensbanen. Åsmund Haugen som var stasjonsmeister på Myrdal fortalde at den fyrste som selde denne rundturen var Guttorm Fretheim på Vatnahalsen. Det var ein gong på 1960-talet. Han kjøpte opp billettar for enkeltstrekningane, men selde turen som ein pakke for sine gjester. Seinare starta salet frå Voss og namnet Norway in a Nutshell vart teke i bruk. No har dei aktuelle transportørane eit fast samarbeid om sal og marknadsføring av denne populære rundturen.

Nye vegsamband og ny giv i turistnæringa

Reiselivet i Flåm vaks sakte men sikkert frå 1950 og utover. Dei eksisterande verksemdene vart moderniserte og det kom til fleire overnattingsverksemder slik at det etter kvart vart eit variert tilbod med hotell, pensjonat, vandrarheim, romutleige og camping. Fjellvegen Aurland – Lærdal som vart opna i 1967 gav ny trafikk om sommaren. Og i 1974 vart det i samband med Aurlandsutbygginga heilårs samband austover frå Aurland til Hol og vidare til Oslo. Dette vart og fyrste etappen i eit ferjefritt heilårs vegsamband mellom Bergen og Oslo. På fyrste del av 1980-talet vart tunnelen mellom Flåm og Langhuso bygd. Steinen var køyrt ned til Flåm og fylt ut i fjorden slik at det vart eit stort næringsareal. Her skulle det koma industri som skulle skaffa gods til Flåmsbana og Bergensbanen. Snart starta dei og på tunnelen mellom Langhuso og Gudvangen. Aurland kommune hadde store voner til den nye stamvegen, no måtte det koma industriarbeidsplassar. Ønskjet om nyetableringar er likevel oftast langt større enn investeringslysta i næringslivet, og det vart etter kvart berre turist- og servicenæringa som synte vilje til å satsa. Men også her var det fleire prosjekt og idear enn det som vart realisert i fyrste omgang.

Ny strategi frå NSB

I 1986 laga Aurland kommune under leiing av Leiv Horvei ein tiltaksrapport med framlegg om korleis ein skulle få til vekst i næringslivet. NSB Bergen distrikt vurderte denne rapporten og sende i januar 1987 eit brev til Aurland kommune der dei gjorde framlegg om at ein måtte endra fokuset frå industri til reiseliv. Dei konstaterer i brevet at det ikkje kjem industriarbeidsplassar og at ein no må satsa på å byggja Flåm opp som eit attraktivt service- og reiselivssenter. Dei skriv mellom anna: «Det synest som om ulike servicetiltak som hotell, pensjonat, kioskar og kafeteriaer ikkje er godt nok dekka i dag og heller ikkje oppfyller krava i tida. I det nye trafikkbiletet må det koma nye etableringar om ikkje staden skal bli eit «gardstun» som alle køyrer gjennom. Industrifeltet er eit aktuelt område også for slike føremål.» Dette initiativet frå NSB vekte ein del debatt, men vart stort sett godt motteke og Aurland kommune føretok reguleringsendring til fordel for utvikling av reiselivsnæringa. Det var fleire investorar og ideskaparar som la fram planar for større føretak som nytt hotell, badeanlegg og hotellskip. Reguleringsarkitektar kunne boltra seg og teikna anlegg på anlegg. Dei som trefte spikaren best var nok gründarane av Flåm Turistsenter; Leiv Horvei, Terje Tokvam, Ola Grindheim og Torstein Aasen. Dei la fram ei «ideskisse» for eit omfattande service- og turistanlegg. Samtidig etablerte dei seg i det aktuelle området med i fyrste omgang ei lita salsverksemd for mat- og kioskvarer. Seinare var dette utvida til eit større, heilårsope kafe- og restaurantanlegg som i tillegg har nokre hotellrom.

Stamvegen utløyser aktivitet

I desember 2001 vart Gudvangatunnelen opna og dermed vart det (ein) ferjefri stamveg mellom dei to største byane. Biltrafikken auka sterkt og det same gjorde turisttilstrøyminga. I dei hektiske sommarmånadene var det ikkje mogleg å skaffa overnatting til alle som ønskte det. Trafikken på Flåmsbana auka til utrulege 379 625 i 1994. Dette vart og ei tid med stor investeringslyst og i Aurland kommune vart det modernisert og bygd nytt for vel 120 millionar kroner i løpet av kort tid. Dette galdt ikkje berre Flåm, men og Gudvangen og Aurland. Flåm hadde lenge hatt ein god klang i reiselivet, men no vart den sterke posisjonen tydelegare. Flåm Camping og Vandrarheim tok posisjon som det leiande campinganlegget i fylket, Sowerby, seinare Saga, fekk ein tilsvarande posisjon for suvenirsal og Flåm Turistsenter eller Furukroa for servering. Stasjonen i Flåm vart meir enn eit billettkontor og venterom, det vart eit forretningsanlegg. Den same endringa, om enn i mindre målestokk skjedde på Myrdal.

Venner av Flåmsbana

Tanken om å leggja ned Flåmsbana dukka opp med jamne mellomrom. Dette var ein av grunnane til at Venner av Flåmsbana vart skipa sist på 1980-talet. Venneforeningen tok vare på og formidla historia, dreiv PR-arbeid og vart eit aksjonsorgan for å sikra rutedrifta på Flåmsbana. Arbeidet fekk brei tilslutnad lokalt og nasjonalt. Styreleiarane Edvar Ølmheim og Sjur Skau makta både å setja Flåmsbana inn i eit regionalt samferdslesystem og å auka merksemda på Flåmsbana som ein stor internasjonal attraksjon. Dei arbeidde seint og tidleg og truleg er innsatsen undervurdert i høve til dei resultata som seinare vart oppnådde.

Frå krise til opptur

Midt på 1990-talet gjekk trafikken på Flåmsbana litt tilbake. Økonomane i NSB ville stramma inn. At det ikkje skulle gå nattog var ein ting, verre var det at vintertrafikken burde avviklast. Dette vekte uro og harme i lokalsamfunnet. Folk gjorde enkle reknestykke og undrast på korleis opplagde overskotsføretak kunne framstillast som tapsprosjekt. Rett nok var det mange i NSB, ikkje minst i Bergen ved sjefane Per Engen og Kåre Selheim, som såg ei stor framtid i Flåmsbana og som sytte for at det kom midlar til å byggja ut infrastrukturen ikkje minst i stasjonsområda, men dei kjempa på vikande front. Aurland kommune og ordførar Ivar Bjarne Underdal måtte ty til utradisjonelle grep og fekk skipa eigarselskapet Aurland Ressursutvikling og driftsselskapet Flåm Utvikling. Drifta av Flåmsbana vart privatisert, men rett nok i eit selskap med overvekt av offentlege eigarar. Det heile skjedde i forståing og etter avtale med NSB. Det vart ei pakkeløysing som og omfatta utbygging av Fretheim Hotell og cruisekai. Folk flest i lokalsamfunnet kunne raskt konstatera at dei hadde rekna rett, Flåmsbana kunne drivast med solid overskot på heilårsbasis. Flåm Utvikling inntok ein offensiv og sterkt marknadsorientert rolle. Olav Lühr tenkte sal frå dag ein og han reiste verda rundt for å skaffa nye kundar. I 2006 var talet på reisande på Flåmsbana fantastiske 536 693, og i 2007 vert det endå fleire. Cruisekaien som er kommunal vart og ein suksess med nærare 140 skipsanløp og 100 000 passasjerar for året. Fretheim Hotell trengde naturleg nok økonomisk drahjelp frå Flåm utvikling dei fyrste åra etter utvidinga og har no oppnådd den soliditeten som er nødvendig for å vera eit heilårsope kurs- og konferansehotell, i tillegg til funksjonen som turisthotell for gjester frå inn- og utland. Suksessen på Flåmsbana har og skapt vekst utanfor konsernet Aurland Ressursutvikling. Det nye konsernet vart såleis ikkje ein så dominerande aktør som enkelte såg føre seg. Flåm Turistsenter ekspanderer og opna i 2007 gildehall og bryggeri, i 2008 opnar dei nytt hotell. Gründar Ragnar Vidme starta med å kjøpa Heimly Pensjonat og har seinare investert i fleire opplevings- og aktivitetsanlegg. Eit reisemål treng eit mangfald av aktivitetar, ikkje berre store anlegg. Det nødvendige mangfaldet har vakse fram med mellom anna store butikkar, gardsmatanlegg og tur- og safaritilbod. Kvart år legg turistar att nærare 150 millionar kroner i Flåm. Flåm Utvikling står for ca. 60 millionar. Rundt 40 % av dei yrkesaktive i Aurland arbeider i handel, transport, overnatting eller servering. Samtidig er det svært mange sesongarbeidarar. Utviklinga går no i retning av at fleire av desse kan verta heilårs arbeidsplassar.

Fjorden

I 2006 reiste 146 187 personar med rutebåten mellom Flåm og Gudvangen. I tillegg reiste mange med båten til Bergen eller med ein av dei mange charterbåtane. Frå 1995 har det vore eit rutetilbod til Gudvangen heile året. Vintertilbodet vart dei fyrste åra finansiert av den lokale reiselivsnæringa. Fylkesbaatane er den dominerande aktøren for transport på fjorden til og frå Flåm, slik dei har vore det i snart 120 år. No planlegg selskapet å utvida tilbodet og auka kapasiteten. Aktørane på land pressar naturleg nok heile tida på for at fylkesreiarlaget skal satsa endå sterkare. Tilbodet på fjorden er heilt avgjerande for det totale reiselivstilbodet og det er ikkje minst viktig at det er tilbod i ein lang sesong. Dersom me ser på utviklinga over tid, ser me at Fylkesbaatane har satsa mykje med omsyn til både materiell, sesongutviding og tal på avgangar. Men det har dei og trygt kunna gjera fordi det har vore ei lønsam satsing.

Toppen er ikkje nådd

Det har vorte heva at det er i meste laget med turistar i Flåm. Det er sagt at ein kanskje bør trappa ned litt og heller satsa på nisjeprodukt og dei som legg att meir pengar. Desse tankane vinn neppe fram. Næringslivet i Flåm og i området rundt er avhengige av vidare vekst for å oppnå forsvarlege økonomiske resultat. Sjølv om det er 240 000 overnattingar i kommunane Aurland og Lærdal kvart år, er det ledig kapasitet i alle sesongar. Trafikken i skuldersesongane og jamvel midtvinters veks, men må kraftig opp for å sikra lønsemd i drifta. Flåm og området kring har eit næringsliv som treng aukande volum i turisttilstrøyminga. Dette vil nok prega satsinga også i åra framover. Og truleg er det få andre stader der det er mogleg å utvikla eit heilårs reisemål som hovudsakleg er basert på ferie- og fritidstrafikk.

Eit paradoks

Vatnahalsen hotell har tradisjonar frå 1896. Framsyn og serviceinnstilling pregar framleis dei som driv hotellet. Men dei kjempar mot rammevilkår som er verre for dei enn for andre. Fraktkostnadene er større og straumprisen høgare. Kanskje var Vatnahalsen det fyrste hotellet som fekk elektrisk kraft, kanskje er det største hotellet utan bilveg og heilt sikkert er det einaste hotellet i kommunen som har hatt stabil heilårstrafikk. No må hotellet stengja ned om vinteren, det vert for dyrt å halda oppe. Framgangen i reiselivet vert større om også Vatnahalsen kan vera med vidare som heilårsope hotell.

(Hausten 2007 – også trykt i Årbok for Sogn)

Kjelder:

  • Soga om Flåm bind 1 av Svein Indrelid.
  • Bygdebøker for Aurland av Anders Ohnstad
  • Fra Engelskvillaen 1882 til Fretheim Turisthotell 1939 av Else Karin Eide
  • Flåmsbana 40 år 1940 – 1980 av Einar Johnsen
  • Flåmsbana av Johs B. Thue
  • Gamle Norge Reisehandbok anno 1834 av William Henry Breton
  • Arkivmateriale Aurland og Lærdal Reiselivslag og Aurland kommune