Fylkesbaatane inn i framtida

av Noralv Distad

Den 2. desember 2008 var det 150 år sidan damskipet ”Framnæs” la ut på sin fyrste tur frå Bergen til Lærdal. Dei som stod bak skipinga av det fylkeseigde dampskipsselskapet, som seinare fekk namnet Fylkesbaatane, hadde store visjonar. Damskipa skulle føra både til materiell og kulturell vekst. Det skulle bli eit samband til den store verda slik at ein kunne fremja handelen og få tak i kunnskap og impulsar. I dag bør ein kanskje friska opp att dei framsynte visjonane og utvikla selskapet både forretningsmessig og som utviklingsaktør i det regionale reiselivet. Sognefjorden er eit eineståande naturområde og turisttrafikken er stor, men det kan bli så mykje større om me torer å satsa og byggja eit godt fundament for stabile ruter i alle sesongar.

Turistruter til glede og litt bekymring

I 1852 vart det opna linjefart mellom Hamburg og Bergen og nokre år seinare vart det rute til England. Fylkesbaatane kunne såleis alt i skipingsåret 1858 fanga opp trafikk frå utlandet. Allereie i 1875 vart det sett i gang båtrute mellom Gudvangen og Lærdal. Det vart ein suksess særleg etter at Vossebanen opna i 1883. Turistane strøymde til og det måtte setjast inn to båtar. I 1888 vart det sett i gang turistrute frå Bergen via Vik og Balestrand til Fjærland. Ikkje alle tykte om turistrutene. Fylkesbaatane skulle fyrst og fremst tena innbyggjarane og distrikta. Ein ordførar sa at det å lesa ruteheftet vart ”Balestrand opp og Balestrand i mente.” Det var tidleg fleire som meinte at heile selskapet kunne seljast slik at private kunne overta. Denne debatten er levande den dag i dag. Og enno er det nokre, om enn svært få etter kvart, som meiner at turistar er framandelement i hendene på kyniske haiar som reiser med heile fortenesta. Kanskje ikkje så rart at forskarane har kome fram til at mange som reiser ikkje vil rekna seg sjølve turistar, det er berre alle dei andre som er det. Men her må me yta sogningane rettferd, dei har gjennomgåande ei svært positiv innstilling både til tursime og turistar.

Debatt i 1886, nesten som i dag

I 1886 debatterte fylkestinget turistsatsinga til Fylkesbaatane. Det var mange som sa at dette bar gale i veg. Turisttrafikk måtte vera ein biting i forhold til ”distrikternes tarv”. Ordførar S. K. Aarnes frå Stryn gjekk lengre. Han meinte at dei ikkje i heile teke burde satsa på turisme. Det var så mange ulemper med turistane at det var best å vera heilt fri dei, meinte han. Ordførar Sjur Bjåstad frå Balestrand såg heilt annleis på saka. Han heldt fram at turistane var ei stor inntektskjelde for Fylkesbaatane. I tillegg var turisme ei stor næring i hans distrikt der det var investert for ikkje mindre enn 200 000 kroner i hotell og andre turistføretak. Bortfall av turisttrafikk vil føra til økonomisk krakk både i Balestrand og distriktet elles. Han meinte bygdefolk og turistar hadde samanfallande interesser i raske ruter. Og han var vel ein av dei fyrste som tala tydeleg om sesongforlengjing på fjorden, sommarrutene byrja for seint. I dag er Einar Målsnes ordførar i Balestrand og regionen sin fremste politiske talsmann for gode turistruter på fjorden, i ein lang sesong. Han tek opp arven etter Bjåstad og peikar på at turistruter både er eit regionalt utviklingstiltak og eit forretningsområde.

Det fremste området for fjordcruise i Skandinavia

Meir enn 450 000 turistar reiser kvart år med båt eller ferje på Sognefjorden. Ikkje noko anna fjordområde kan visa til slike tal. Reisa på Sognefjorden og inn i dei tronge fjordarmane Nærøyfjorden og Fjærlandsfjorden imponerer alle. Fjella, fossane, breane og dei fagre bygdene som omkransar fjorden er med på å gjera reisa til noko stort, noko å venda tilbake til og noko å tilrå for andre. Fjorden og dei andre store attraksjonane er grunnlaget for ei stor reiselivsnæring i Sogn. På hotell, hytter og campingplassar er det 625 000 overnattingar kvart år. Dette er knapt 50 % av overnattingane i fylket, men ca 60 % av dei utanlandske. Samstundes er det rom for ein kraftig auke i turismen slik at reiselivsnæringa kan verta meir lønsam og robust og gje arbeidsplassar som regionen treng. Det handlar ikkje berre om å halda på ein posisjon, men snarare om å bli sterkare.

Nye utfordringar på fjorden

Leiinga i Fylkesbaatane har opp gjennom tidene hatt eit positivt syn på turisme som heile tida har vore ei viktig inntektskjelde for selskapet. Kunsten har vore å kombinera dei ulike rutene slik at dei har tent interesser både til innbyggjarar og tilreisande og samstundes sikra ei forsvarleg inntening. Fleire gonger har administrasjonen i selskapet kjempa hardt for å overtyda politikarane som at det har vore rett å satsa også på turisme. Seinare har dette endra seg litt og krava går ofte andre vegen, til selskapet. Bortfallet av riksvegferjerutene Flåm – Gudvangen i 1991, Balestrand – Fjærland i 1994 og Gudvangen – Kaupanger – Lærdal i 2000 gav nye utfordringar. No var det ikkje lenger subsidiar å henta, rutene vart kommersielle. Reiselivsnæringa var langt frå nøgde med dei nye sommarrutene, og saman med Fylkesbaatane og offentlege styremakter har ein lukkast med å finansiera ein ruteperiode frå 1. mai til 30. september på alle større turistruter og i tillegg heilårsrute Flåm – Gudvangen. Enno er det ein årleg kamp for å få til ei forsvarleg finansiering av desse rutene og det er ei stor utfordring å få til stabile tilbod slik at ein kan gå tidleg ut i marknaden for å selja tilboda. Det gledelege er at denne satsinga har gjeve gode resultat, trafikken utanom sommarsesongen har auka kvart år.

Inn i framtida – det store løftet

Det er berre eit fåtal større ferje- og båtselskap att her i landet. Fylkesbaatane er eit av desse og dei vil utan tvil vera på plass i mange, mange år framover. Dei vil kanskje møta sterkare konkurranse. Men konkurranse er er ikkje nytt, det har dei hatt frå første stund, og det kan vel i seg sjølv vera med på å fremja ei forsterka satsing på fjordproduktet. Men uansett er det viktig å få på plass ei langsiktig finansiering av rutene i dei periodane det ikkje er lønsemd i drifta. Båtrutene er og infrastruktur for bedriftene på land. Det er i nedgangstider ein må satsa, sa den nøkterne historikaren Anders J. Ohnstad. Då er ein budd når dei gode tidene kjem att. No er tida inne for å fremja eit større og framtidsretta fjordprosjekt. Potensialet må utnyttast, me må tilby eit garantert kvalitetstilbod i ein lang sesong og delvis heile året. Sognefjorden er eit unikt produkt, og truleg er me for varsame i salsarbeidet. Engasjementet i marknaden må difor bli sterkare. Men me kan aldri selja eit produkt som ikkje er tilgjengeleg, difor er koplinga mellom båtruter og andre attraksjonar og aktivitetar og salsarbeid uhyre viktig. Fylkesbaatane, reiselivsnæringa elles og offentlege styresmakter må gå saman om å fremja ei fjordsatsinga som det vil gå gjetord om og som ikkje berre vil tena Sogn, men heile landet. Det er mitt store ønskje når eg no sluttar meg til dei mange som ønskjer tillukke med dei første 150 år!

(artikkelen stod også i Sogn Avis 2/12 2008)