Av Lars Vikesland
Lars Vikesland (1888-1975) var bonde i Aurland. Ved fleire viktige høve skreiv han prologar som han las opp.
Atter er 17. mai opprunnen,
kongssonen komen, sigeren vunnen.
No er det nordmenn som rikjer og rår
i freden og fridomens vår.
No kan dei smilande gråta i gleda
mange som ottefulle gjekk her og gret.
No kan me alle so takksame kveda,
all ting har fenge ein venare let.
Alt er so levande ljost i naturi.
Når såg du skogen og marki so grøn?
Bjørki den bjarte som lenge stod sturi,
no er ho ven som ei brur i bøn.
Lerka i lunden og songfugl i skogen
har i sin strupe ein klårare klang.
Kona i huset og mannen bak plogen
gjeng i sitt arbeid med hugnad og sang.
Solfulle sangen og klokkeklangen
klinger i kor frå sud og nord:
Norge er fritt, folket er fritt
Seg det, syng det, rop det ut
frå by og bygd og høge nut
Send gledesbod til himmelen
og alle verdens land,
ver med kvar mann.
Det syng i mitt sinn:
Lat det smella i vind
vårt nyvunne norske flagg
på freden og fridomens maidag.
No er me atter frie folk,
me treng ikkje ottast trældom og svolk
og fiendens vonde Gestapo,
han skal ikkje rida da capo.
Frå høgfjell og fjord
Det klinger i kor:
No kjem dei på eterens bylgje
i jublande fredens fylgje
dei sigrande fridomens menn
– bå` nordmenn og sambandsven.
Det syng i mitt sinn,
det smeller i vind
vårt krossmerkte frie flagg
på Noreg sin vårvakre fridomsdag.
No skal me sjå eit verdenstablå,
både eit blenda og blankt platå:
Alle tiders trillingtrio
– hovmod, lygn og maktbegær
glødde fa`en opp i smio
før dei tok seg ut på ferd
Denne fine forsterfar
fyl dei fram på verdensvegen
og han glirer ful og fegen
for i deira fotefar
lygn og ufred og forbanning
kjem i sta`n for rett og sanning.
Får dei feste for ei glo,
lygn imellom to og to
vil hans arge erkeengel,
denne propagandabengel
bruka beste blåsebelgen
so det opnar helvetessvelgen
mellom alle folk og land
– såleis verdi kom i brand.
Aldri får han offer nok,
denne grusomme krigens molok.
Under gråt og gru og jammer
i hans hole torturkammer
går han sjølv til frydenfest
og er fremste heidersgjest.
Denne avgrunns levitan,
dette urtids mammutdyr
Alle krigars vonde satan
som sin eld og eiter spyr
– grav han ned i mold og myr.
Legg so lygni ful og fin
attåt falske gull i skrin.
Det er satans heidersgave,
søkk det ned i verdenshavet!
No må alle folk på jordi
som vil lyda løysingsordi
samlast utan kiv og strid.
Byggja landet – folkestaten
utan harske eigenbaten
– ta i bruk det store bodet
so me får ei betre stode
i vår jarnskodde tid.
Reisa handfast vern og feste
under motto: Elsk din næste!
Då kan me i sanning syngja
og forutan brask og brynja
stiga fram som frie frendar
utan band på fot og hender
fram for verdens nasjonar
fram for blødande millionar,
og få sag dei enkle ord:
No vil me ha fred på jordi!
– rettferds fred for land og folk
er mitt ord som taletolk.
Men me som har fenge vår fridom og fred
bøyer oss audmjukt i takksemd ned.
Me vil oss ein fridomens folkevår.
Gjev Du oss fredsame arbeidskår,
vara vår heim og vår kyrkje,
Gjev signing til sameint yrkje!