Skomakarlaks i Flåm

Av Harald Fretheim Sjursen

Båten og not og garna på galgen på vedlagt foto var Karl farbror (Fjello) og Erik morbror (Vangen) sine felleseige. Det var vanleg i Flåm at dei som ikkje hadde naust, hadde slike garn og notgalgar med bylgjebikktak over, inntil ein mur, berghammar eller ein husvegg. Det hadde me og heime på Neset, og Hans Bakketun, seinare Sjur Gjerde, begge fodt Fretheim, aust for Vikjanaustet.

Erik hadde skomakar verkstad og laga Aurlandsko (draktsko), mokasiner, som i dag kallast Aurlandsko, og Beksaumstøvlar (skisko). I tillegg kom reperasjon av slike. I arbeidskontrakten med arbeidarane sine hadde han med at var det makrell på Vikjabukti, måtte dei vera med å kasta med not etter denne. Ei attåtnæring og matauk for alle. Difor kalla me i Flåm makrellen for skomakarlaks.

Prospektkortet har eg fått av Svein Olav Haukedal i Aurland, som har samla mange slike kort frå Flåm og Aurland.

Med helsing Harald Fretheim Sjursen.