Fjordfiske av folk frå Fretheim og Brekke i Flåm.

Av Noralv Distad

Ein varm og fin somamardag i 2009 sit eg oppe på Handklefjellet og nyt det fantastiske utsynet. Rett på tvers av fjorden ligg Undredal. Ei flott bygd på alle måtar og eg må tenkja på mine mange spennande og interessante møte med bygda og folket der. Eg bestemmer meg der og då for å skriva om dei fem viktigaste møta eg har hatt med Undredal.

Det fyrste møtet

Året er 1981 og det er stortingsval. Saman med stortingsmann Lars Lefdal reiste eg til Aurland for å kapra stemmer.  Der var opplegget klart: båt direkte til Undredal. Allereie på båten følte me ei positiv stemning, og den vart til dei grader forsterka då me gjekk i land og vart ekskorterte til gjestebod i ungdomshuset. Det virka som om heile bygda hadde møtt fram og fat etter fat med smørbrød og bløtkaker vart borne fram.  Som ung og urøynd vona eg sjølvsagt at her vart det høgrerøyster i fleng. Men eg skjøna jo raskt at heile opplegget var salsarbeid av beste kvalitet. Lars Lefdal sat i samferdslekomiteen og no fekk han berre godord for sitt vegengasjement. Lars var på si side også litt av ein luring og la ut om alle tvilsame stortingsrepresentantar som prøvde å leggja kjelkar i vegen eller utsetja heile prosjektet. Men dette skulle gå bra.  Det vart mange høgrerøyster i 1981, men kor mange av dei som kom frå Underdal anar eg ikkje. At eg og var med på møtet, var det sikkert ikkje mange som la merke til.

Det andre møtet

I 1985 kom eg til Aurland som planleggjar og på nyåret 1987 var det opne møte i alle krinsar. Temaet var generalplanen. I Undredal var det knapt 20 som møtte fram, men det var meir enn nok til å laga eit av dei friskaste møta eg vore med på. I fire timar svinga det mellom samstemt kritikk mot kommunen og interne motsetningar av uovervinneleg karakter. Ja, ja tenkte eg. Det er nett som i heimbygda Fjærland: store indre stridar, men felles utanrikspolitikk. Og kva stod striden om ? Jau, det var vegplasseringar, parkeringsareal, næringspolitikk, bustader, elveførebygging, jordvern, sentrum nede ved fjorden eller oppe i vegkrysset og mykje, mykje meir. Eg vart heilt imponert over kor flinke mange var til å ordleggja seg og korleis dei kunne dra i gang att debatten like etter at ein nesten hadde oppnådd eit kompromiss. For meg og jobben min var det trass alt svært lærerikt, eit glimrande oversyn over lokale problemstillingar og kva som kunne vera mogleg å få til.

Det tredje møtet

I 1988 vart vegen til Undredal endelegoffisielt opna.  Men like før dette skjedde, oppstod det eit problem. Ein del av elveførebygginga rasa ut og så fann nokre miljøvernbyråkratar ut at det slett ikkje var fornuftig å utbetra skaden. Undredalsvassdraget var jo varig verna og her skulle alt flyta fritt, nedrasa massar skulle førast ut i fjorden på flaumstore dagar til glede for forskarar på masseforskyvningar eller kva det no var. Eg vart som fungerande rådmann med i ein delegasjon som skulle sjå på denne saka. Undredølene imponerte nok ein gong. Dei unngjekk elegant å gå inn på miljøvernbyråkratane sine premissar. I staden fekk dei saka over på sin banehalvdel med fokus på ei småbygd som er truga med fråflytting, men som no er fylt med ny optimisme og som sjølvsagt ikkje kan leva med ein veg som nesten heng i lause lufta. Konstituert fylkesmann var med og han stilte seg på undredølene si side med dette spørsmålet: Er det denne bagatellen de har fått meg med hit for å sjå på ?

Det fjerde møtet

Undredal er eit spennande reisemål for turistar. Etter at bygda fekk veg, strøymde det til med bussar og bilar. Etter kvart vart det behov for å få ein del av dette inn i litt meir organiserte former. Så eg vart engasjert i eigenskap av reiselivskonsulent. No galdt det å halda fast på grunnregelen i alt arbeid med turisme: fokus på toppattraksjonane og syt for at dei er tilgjengelege, og så utvikla resten derifrå. Topprodukta i Undredal er stavkyrkja og undredalsosten. Den siste var på plass i butikken, så turistkontoret måtte ta seg av kyrkja. Me satsa dristig med guideteneste frå mai til september.  Slett ikkje alltid lett å få tak i folk, og eg måtte stilla sjølv inn i mellom.  Som guide må ein ikkje berre kunna alt om kjerneproduktet, men og om bygda med historien og ikkje minst livet i dag og forventningar til framtida. Nok ein gong vart det eit oppdrag som gav ny lærdom og innsikt. Ei favoritthistorie frå mi side var kona frå Horten som kom til kyrkja med den staselegaste sølja. Og var ho seint ute, måtte presten fint venta. Folk frå Horten flytte i si tid til ein høgdagard i Lidal ved Fjærlandsfjorden. Dei var dugande arbeidsfolk og elles omtykte på alle måtar. Ei gong kom det ein lita gruppe med ei myndig dame i spisse. Eg guida på vanleg måte og fortalde om kona frå Horten. Eit par veker seinare var dama tilbake med ei ny gruppe. Då gløymde eg historien og fekk skarp reprimande.

Det femte møtet

Ein kveld no sist vinter sat eg og såg på maleri på ein nettauksjon. Her dukka det opp eit flott motiv der ein båt kjem inn til stranda i Undredal med ein høyfarm. Kvinne og barn tek i mot. I bakgrunnen ser me Stigen og Beitelen.I framgrunen er det kornåkrar.  Kunstnaren er N. B. Møller og det er måla kring 1880. Eg sende inn eit bod, og rekna ikkje med at dette nådde opp. Men jammen fekk eg tilslaget. Så no kan eg kvar sjå mot Undredal, rett nok frå ei anna tid, men dei gamle fjella er som kjent alltid eins å sjå.

(også publisert i ”Underdølen” julenummer 2009)