av Noralv Distad – foto: R.M.Sørensen/Flåm Utvikling
Den 27. november 1909 gjekk opningstoget for Bergensbanen frå aust til vest. Det var to flaggpryda lokomotiv i front, to spisevogner med alle slags kostelege rettar og passasjervogner med Konge, regjeringsmedlemer, jarnbaneautoritetar, sendemenn frå utlandet og eit stort pressekorps.
Toget passerte Myrdal og Just Brochs skriv dette i boka ”Av Bergensbanens historie”: ” Ved Myrdal blev man hilst med ul fra den roterende og hyl fra lokomotiver. Rundt omkring den festsmykkede stasjonen var det illuminerte snehytter. Og over åpningen til den store tunnel lyste et kjempebål.” Det var stigande jubel etter kvart som toget for vestover og på Voss sa Kong Haakon dei berømte orda om den ”nuværende slekts…storverk.”
Anleggstid
Aurland hadde bak seg ein lang anleggsperiode. Kun 13 kilometer av av Bergensbanen ligg i Aurland kommune, med det omfattar noko av mest krevjande terrenget og ikkje minst Gravahalstunnelen på 5311 meter som åleine krov 370.000 titimars dagsverk. I tillegg kjem den 20 km lange transportvegen opp Flåmsdalen. For bygdefolket vart anleggstida ei heilt ny tid med store forandringar og store mulegheiter til å tena pengar. Det var ein rein invasjon av arbeidarar og ingeniørar. Det kom til og med tunneldrivar frå Italia.
Næringsutvikling
Bergensbanen vart ei drivkraft for næringsutvikling på heile strekningen mellom Bergen og Oslo. Slik var det og i Aurland. Det voks fram eitt nytt lokalsamfunn på Myrdal og Flåm gekk frå utkant til sentrum i vestnorsk reiseliv. Framsynte forretningsfolk hadde bygd hotell på Fretheim, Vatnahalsen og Upsete. I samband med opninga av Bergensbanen utvida dei kapasiteten og la grunnlaget for ei stor turistnæring i kommunen. Det blomstrande næringslivet omfatta og hesteskyss, handel og dampskipstrafikk.
Flåmsbana
I vel 30 år var det vegen i Flåmsdalen som var bindelekken mellom Sognefjorden og Bergensbanen. Men dette var ikkje ei tilfredsstillande løysing, ei sidebane måtte koma. Etter ei anleggstid på 20 år stod Flåmsbana ferdig i 1940 som ny transportåre, ei framsyning av einståande ingeniørkunst og ein turistattraksjon i verdensklasse. Bergensbanen var eksistensgrunnlaget for Flåmsbana, no er det mange dagar nesten omvendt. Det var likevel mang ein dragkamp for å få på plass gode korrespondansar mellom dei to banene og vidare ut til dei andre sognebygdene. Dei framsynte i den samanhengen hadde alle tilknyting til Myrdal og Flåm.
Inn i framtida
I eit jubileumsår må me sjå framover. Me treng Bergensbanen som ein attraktiv transportør mellom Bergen og Oslo, og ikkje minst som tilførselsbane til Flåmsbana. Ringeriksbanen må koma slik at reiseavstand og reisetid vert kortare. Myrdal må vera ein viktig stasjon også i framtida, uansett omleggingar elles. Turistar og andre er ikkje berre opptekne av fart, men og store og spektakulære opplevingar. Her vil Flåmsbana alltid ha sin sentrale plass. Og me må tenkja på kombinasjonsreisene med tog og båt. Bergensbanen bringar trafikk ikkje berre til Flåm og Aurland, men til heile Sogn og Fjordane.
(Også trykt som artikkel i ”Aurlendingen” november 2009).