Steinhelle i Kongshellebotn i Skjerdal

av Terje Steinulfsson Skjerdal

Steinhelle som ligg åleine i Kongshellebotn. Ho er om lag 4 m lang, 2,5 m brei og knapt ein meter tjukk. Det går ei segn om denne hella. Kong Sverre (1151-1202) og birkebeinarane kom ein gong frå Lærdal over til Skjerdal. Då dei kom til Kongshellebotn, såg dei kornstaurane som stod på åkrane på Fretheim (Flåm). Hærfølgjet trudde det var ein fiendehær som kom imot, og snudde. Det vert sagt at dette stod skrive oppå hella: «Snu meg ikring, så skal du sjå ein underleg ting.» På hi sida stod det: «Legg meg som eg låg, skam for den som på meg såg.» Segni seier det var kong Sverre og mennene hans som la hella der. Eldste skrivne kjelda til segni er Aurlands kallsbok frå 1820-åri (A. Ohnstad: «Aurland I» s. 587).

Mykje tyder på at me må ta denne segni med ei god klype salt. Mellom anna finn me variantar av segni i Hafslo og i Årdal (M. Bathen: «Segn og soga» (om Hafslo) s. 10; K. Bondevik: «Folkedikting», artikkel i «Norske bygder» bind IV (Sogn) s. 144). Det står då heller ikkje noko i Sverresoga om denne hendingi. Men det historiske grunnlaget for segni er sant nok. I 1177 gjekk Sverre frå Lærdal til Voss og attende (Sverresoga ved H. Koht s. 32-35). Ein må rekna med at kongen gjekk om Skjerdal, sidan dette var den kortaste og mest vanlege vegen. I 1198 var kong Sverre i Aurland for andre gong (Sverresoga ved H. Koht s. 182), men denne gongen er det ikkje sikkert han heldt fram til Lærdal. Mangt tyder på at bakgrunnen for namnet «Kongshella» er at kong Sverre og birkebeinarane verkeleg har gått gjennom Skjerdal.

Andre leddet i namnet, «hella», kjem rett frå gno. hella, og tyder «flat stein» (I. Aasen: «Norsk Ordbog» s. 282). Det er verdt å merkja seg at «heller» (t.d. i 6. Karihelleren) har ei anna tyding: «skjul under stein eller berg» (frå gno. hellir).