Amerikansk dame med verdifulle sogeopplysningar til Aurland

Av Noralv Distad, 7. juli 2009

Agnes Gromek vitja nyleg Aurland. Ho hadde med seg ei 140 år gammal soge om oldefar sin og hans farefulle ferd over fjellet frå Telemark til Aurland påskeveka 1869.

Det var Sylfest Gardatun som var på veg frå Mogen i Telemark til heimbygda Eidfjord, men han gjekk feil og kom i staden ned til Aurland der han fekk god hjelp. I Aurland har soga vorte kjent i nyare tid og ein trudde at Sylfest kom til Nesbø i Aurlandsdalen. Opplysningane Agnes Gromes hadde med seg, viser at Sylfest kom ned Stondalen og til Belle i Vassbygdi.

Korleis Sylfest Gardatun kom til Aurland

Sylfest var handelskar og hadde fare austover for å krevja inn pengar. Frå Mogen i Telemark skulle han gå over fjellet tilbake til Eidfjord. Det vart uver, han miste retningen og vart gåande vill i fjellet ei heile veke. Han var dårleg kledd og hadde lite mat. Ei natt drøymde han om eit solid matamåltid og neste morgon vakna han og kjende seg mett og klar til å gå vidare. Han lova Vårherre å gifta seg med Åshilda, ei jente han hadde tenkt å reisa i frå. Sylfest såg heile tida etter ein stad der han kunne koma seg nedover i retning ei bygd. Til sist kom han til ein stad der han kunne sjå nedover ein dal. Han sette avgarde og for forbi både vatn og stup. Ein stad var det det ein støl og ein delvis attsnødd køyreveg. Til sist for han ned etter ei elv og eit juv. Det var mykje is og han hogg seg fast med lommekniven sin, men sklei likevel fleire meter i gongen. Nede vart det flatare og endeleg såg han eit hus. Trøytt og mykje forkommen steig han inn i stova langt etter midnatt, det var sjølve Påskedagen. Folka på garden tok vel i mot han. Rett nok var dei litt skeptiske i byrjinga, lensmannen hadde vore innom og åtvara om ein rømd straffange. Bonden sjølv for av stad for å finna far etter Sylfest som hadde kome ned ein stad dei normalt ikkje kunne gå korkje natt eller dag.

Sårlækjaren Jens Drægelid i Dyrdal

Sylfest kom seg etter nokre dagar ned til Aurlandsvangen og fekk båtskyss til lækjar. I Agnes Gromek sine dokument er lækjaren omtala som Dr. Drægelid. Det var såleis den kjente sårlækjaren i Dyrdal han søkte til, han som til og med bygde eit lite sjukehus for sogningane. Sylfest var frostskadd og hadde mange blodfylte sår. Sårlækjaren rådde han til å skjera seg med ein glasbete for å få vekk frostblodet når det sveid for mykje. Sylfest vart nokre dagar i Aurland, men so bar det til Bergen og vidare til Eidfjord. Der heldt han lovnaden sin og gifte seg med Åshilda som døydde nokre få år seinare. Sylfest gifte seg opp att og reiste til Amerika i 1883 der han døydde alt i 1884.

Eit sterkt møte i Amerika

Son til Sylfest, Jakob Gardatun, var ein haust med å tresja på farmen til Botolv Ivarson i Sør Dakota. Det var mange i arbeid og alle sengeplassar på låven var opptekne. Jakob fekk difor tilbod om å liggja på same rommet som farmaren. Då dei hadde lagt seg, tok Botolv til å fortelja ein lang historie om ein kar som hadde gått seg vill i fjellet og kome ned til garden deira i Aurland. Jakob vart meir og meir forundra. Han fekk nesten sjokk. Til sist avbraut han historieforteljaren og sa at no kunne han fortelja resten. Det utrulege hadde hendt, Jakob hadde møtt ein av dei som tok i mot far hans i Aurland. Denne soga er skriven av Jakob sjølv. Dermed finn me og ut kvar Sylfest fann husrom. Ivar Anderson og kona Marta Botolvsdotter hadde gard på Belle i Vassbygdi. Botolv var eldste sonen og tok seinare over denne garden som han dreiv fram til han og familien hans reiste til Amerika i 1882. Broren Torstein overtok garden og dreiv han i mange år før han vart seld til Ingebrikt Sønnerheim. No er det Inge Olai Sønnerheim som har denne garden.

Frå fjellet ned Stondalen til Vassbygdi

Per Veum er ein av dei som kjenner Aurlandsfjella aller best. Når han høyrer historien om Sylfest slik han no er fortalt, seier han at det er liten eller ingen tvil om at han har kome ned Stondalen. Det høver best i høve til den planlagde ruta frå Mogen til Eidfjord. Truleg har Sylfest kome ned Hednedalen, forbi Rausmesdalen til Stondalen og vidare ned Stondalsgjelet. Opplysningen om ein køyreveg stemmer. Og det var naturleg at Sylfest fyrst kom til ein gard på Belle. I ei mørk uversnatt var det lett å gå forbi husa i Stondalen.

Agnes Gromek var berre eit par dagar i Aurland, og det er fyrst i ettertid, på grunnlag av hennar opplysninagr, ein har kome fram til den vegen Sylfest fylgde frå høgfjellet ned til Vassbygdi.