Utdrag frå W. H. Ross: «A voyage to Norway, Denmark and Sweden, vol.2», utgjeven i London 1848.
Midt på 1800-talet og noko før begynte velståande engelskmenn å reisa til Vestlandet. Dei hadde oppdaga landskapet og mulegheitene for jakt og fiske. I 1848 kom det ut ei bok i London med tittelen: «A yacht voyage to Norway, Denmark and Sweden, volume 2, og denne boka var skriven av Lord W. H. Ross. Kring 50 sider handlar om ein tur til Aurland, og nedanfor er eit utdrag frå desse sidene.
Me fann denne plassen heller aude, og me forlet han slik at neste morgon, laurdag, var kuttaren på veg til Auron (1), ein landsby nokre mil lenger inne i Sognefjorden. I følgje våre turleiarar var det ein mykje meir livleg plass. Tidleg neste morgon fekk me auga på Auron, og me var i land før ankeret vart sleppt.
Auron, slik som nokre andre norske landsbyar ved fjordane, ligg i ein dal som stig svakt oppover frå fjorden og går lenger oppe bratt oppover til han går austover, sørover og vestover, opp i høge fjell og utilgjengelege berg. Denne landsbyen, Auron, låg særdeles fint til, og den romantiske venleiken i naturen var like fullkomen som harmonisk, noko som såg ut til å gjennomstrøyma heile landsbyen. Dei gule kornstakkane hadde inviterte menn, kvinner og born til å hausta dei for vinterlagring, og dei var spreidde utover store bøar som steig opp til ein betydeleg høgde opp mot fjella. Denne universelle familien, inkludert hundane, var alle i arbeid.
Ankomsten av tre engelskmenn med eit oppbod av kring 15 engelske sjøulkar vekte oppsikt, og snakkinga til nokre lurvete jyplingar, som kom ned til båten, gjekk vidarae til ein hund som sette opp eit svært hyl, og bodskapen om oss vart spreidd til folka ved kornstakkane. Etter ei kort tid var me omringa av ein stor flokk, av båe kjønn, hundar inkludert, som var nysgjerrige etter å vita grunnen til at me kom til Auron. Faktene til desse folka var så energiske og stemmmene deira så låge, at hadde eg ikkje visst at nordmennene ikkje var kannibalar, så hadde eg sikkert fått forståinga av at dei la ein plan for å drepa og eta oss. Åtferda deira var respektfull, men likevel så mistenkeleg at eg vart litt redd. Men sidan dei to reisekameratane mine var nokså høgreiste, roa eg meg med at mens dei kjempa mot folka, kunne eg kome meg vekk.
Medan eg hadde desse tankane kom brått ein liten, mager, gråauga mann med høge kjakebein og lang panne fram gjennom mengda. Han tok av seg filthatten, gjorde eit stort bukk med uvanleg høflegheit, men han sa ingen ting. King (2) fekk beskjed om å spørja kva han ville og fortelja om vårt ærend. Nokre få spørsmål og svar fekk oss til å forstå at det var denne mannen, av alle som budde i Auron, me helst ville møta. Den vesle mannen var eigar av 500 reinsdyr og av lakseelva som me hadde reist så langt for å finna. Dei intelligente augo til nordmannen funkla av interesse då han sette hatten på hovudet att, og han handhelste på oss alle. Flokken som hadde følgt med på samtalen mellom King og nordmannen, vart lystige over venskapen som oppstod mellom oss og nordmannen, og dei viste si interesse med å handhelsa på oss alle.
Den vesle mannen førte oss med triumferande steg og ei lettliva mine gjennom flokken opp til hytta si og kalla fram kona si og bad ho helsa på oss (3). Dette gjorde ho med den beskjedne og enkle framferda til kvinnnene på landet. Me gjekk inn, og mannen førte oss opp gjennom ei smal trapp og inn på eit rom med utsikt over ein hage full av ripsbærbusker. Her vart me trakterte med tørka viltkjøt og kokt kapers, sjølv om me nett hadde ete frukost. Etterpå kom den lokale osten fram, men desse søtsakene var litt for mykje krydra og tilsette med smakstoff for meg, og eg overlet etinga til dei to kameratane mine, som hadde ein litt meir moderne smak.
Etter måltidet bar me fram ærende vårt, og sa til mannen at det ville vera ei stor veneteneste om han kunne gje oss løyve til ein dags jakt på fjellet. «På toppen av desse fjella», sa han på norsk, men no er eg redd at eg omset dette vakre språket litt feil, «mange hundre reinsdyr går omkring der, mange av dei høyrer til meg, men eg kan ikkje gje dykk løyve til å skyta eitt av dei utan samtykke frå dei andre eigarane av flokken. Alle dyra beiter i lag, og me veit at dei høyrer til forskjellige eigarar, for dei er merka på huda rett etter fødselen. Mine har to hakk i høgre øyra, men desse er så små at det er ikkje råd å sjå dei på avstand». Det er umuleg å få tak i dei andre eigarane no, men viss de vert med meg opp på fjellet i dag, så kan me sjå dyra, og truleg kan eg snakka med dei andre i morgon. — «De tvilar», sa nordmannen smilande, «men de vil ikkje angra når de står på toppen der oppe», og han peika mot dei høge toppane som steig halvveges opp mot den blå himmelkvelvinga. «Lat oss ikkje gå uvæpna», sa han, for der er ulvar og bjørnar. Eg sjølv vert med dykk, så kom, lat oss dra».
Verten vår hadde forsvunne for ei lita stund, men kom no tilbake kledd som ein chamois-jeger. Hatten hadde vorte byta ut med ei raud hue som passa akkurat til hovudet, og fløyelsjakka, attknappa opp til halsen, synte fram ein brei brystkasse. På tvers over ryggen, frå høgre skuldra og ned mot venstre hælen hang geværet, med løpet ned. Han hadde eit lærbelte rundt livet, og ei reim med sølvspenne pressa ein pistol og ein flott lang kniv mot den venstre hofta. Ein raud duk med kvite prikkar hang ned frå høgre armen, og denne inneheldt både proviant og drikke. Den utsøkte knuten viste at det var ei kjærleg kvinne som stod bak.
Dei fem mennene, tre engelskmenn, King som snakkar norsk og føraren, legg i veg opp den bratte fjellsida. Landskapet gjer eit sterkt inntrykk på forfattaren.
Eg flytte blikket frå den blå fjorden, mot dalen med dei ulike fargane i grønt og lenger opp mot ein raudbrun fargetone i dei meir aude fjellsidene og lengst oppe, over toppane på Reinfjell, strekte snøen seg utover. Kontrasten var så sterk at inntrykket gjekk langt inn i sjela mi. Komne opp på toppen, var me på ei flate og fjellryggen, kalla Reinfjell, var skild frå oss med ein djup dal, og lenger nede, der var Sognefjorden.
Karane går langt innover, til dei kjem til ein liten dal og eit stølshus.
«Kven bur her», sa eg, og peikte på den elendige bygningen. «Desse to jentene», svarte nord-mannen. «Åleine», spurde eg. «Ja», svarte han,»men dei reiser heim att når vinteren kjem, og då er også dyra heime. Eg måtte sjå litt på desse to jentene med interesse. Den eldste var ikkje meir enn atten år og den andre fire år yngre. Dei hadde den enkelheit og blygheit som slike born naturleg får av denne livsstilen og einsemda som omgir dei. Dei hadde ikkje noko på føtene og på hovudet, og sameleis var skuldrene og armane bare. Dei hadde ein naturleg og vakker utsjånad og ei hud som var mørkebrun av sol og vind. Og ikkje minst, når dei smilte, så bøygde leppane seg som bogen når amors piler vert skotne, og dei viste fram tenner like så kvite som den skinande snøen på toppane.
Grisene (4), som det var meir enn hundre av, trava rundt, rota opp jorda og grynta og skreik så det var knapt råd å snakka. Me gjekk inn i hytta, og der var det åtte til ti store trebidne fyllte med mjølk med ulik konsistens. Så vidt eg veit, så vert mjølka frå kua plassert direkte i desse bidna, og fløyten vert skumma av og plassert i eit eige bidne. Der står han til han vert sur, og etter endå fleire dagar der, vert han til ein fast substans, som nordmennene kallar ost. Nordmennene drikk ikkje frisk mjølk, nesten berre sur. Det var mykje mjølk i hytta, men nesten umuleg å finna noko som passa vår smak.
Etter ei tid måtte me ta farvel med dei to jentene. Eg tykte nesten synd i dei, som måtte vera der ubeskytta i villmarka, mange mil frå heimane sine, omgjevne av bjørn og ulv. Men det varme smilet som viste at dei var lett resignerte, men likevel godt fornøgde med situasjonen dei var i, gjorde inntrykk på oss. Men slik er tilhøva for dei norske kvinnene. Medan mennene er nede i bygda, arbeider på åkrane og haustar kornet, så vert kvinnene sende opp i fjella for å ta seg av dyra. Stundom kan ei jente vera heilt åleine i ei slik hytte. Ho lever i den djupaste einsemd, avskåren frå sosial omgang med jamaldringane og med fare for å bli drepen av ville dyr.
No har sola gått ned, men karane legg i veg på nytt for å finna og sjå på flokken av reinsdyr. Til slutt kjem dei til eit lite vatn.
Me vart overraska over å sjå at områda ved land var dekka av siv, her kring 1000 meter over havet. Det var dyrespor rundt vatnet, og føraren vår granska desse spora nøye. Då han hadde forsikra seg om at det var spor etter reinsdyr, stakk han handa inn i saltposen sin og ropte høgt ut: «Saaalt, hoo-hoo». Slik heldt han på ei lang stund utan at noko skjedde. Men brått dukka det opp ei simle og ein kalv lenger oppe i bakken. Nordmannen tok saltposen i venstre handa, smaug seg bortover, medan han ropte: «Kommit, salt, hoo-hoo». Det såg ut til at simla forstod kva som skjedde, og ho nærma seg forsiktig. Men straks mannen bevega høgre handa, så spratt ho tilbake som om eit skot skulle ha gått av. Men mannen dreiv på, «kommit, salt, hoo-hoo», sa han, halvt snakkande og halvt syngjande. Lysta på salt fekk overtaket på simla, og etter ei tid tok ho litt frå handa til mannen. Men då var han raskt framme med høgre handa og tok tak i horna hennar. Dyret skaut bakover og drog mannen med seg. Det vrei seg og kasta vilt på hovudet. Då fekk horna tak i lærbeltet til mannen, og han vart kasta, med gevær, pistol, saltpose og anna bortover. Han fôr nedover i ei grøft, og då han landa på ryggen gjekk geværet av, og skotet sneia den raude hua hans. Me sprang bort for å hjelpa han. Løpet på geværet hadde vridd seg, og i staden for å peika nedover, peikte det no oppover mot hovudet på mannen. (5) Men til all lukke såg det ikkje ut til at han hadde fått nokon skade, bortsett frå ei skrape på venstre kjaken. Han opna augo, sette seg opp, la handa på panna og bøygde hovudet fram og tilbake. Til slutt reiste han seg opp og braut ut i ein merkeleg latter.
Me måtte ta på heimveg, og nordmannen førte oss no ned fjellsida på ein sti som var nesten umuleg å sjå. Me var komne ein time inn i det nye døgeret, men likevel var det såpass lys at det var råd å gå.
Midt på natta kom dei ned til ei lita grend ved fjorden. Dei banka på hjå ein fiskar, og han skaffa fire vaksne karar som skulle ro dei til der yachten låg.Etter dette er forfattaren full av lovord om nordmennene.
I alle dei landa eg har reist igjennom, så har eg aldri følt meg så opphøga av venleiken i landskapet og den ærlege, opne haldninga og den enkle levemåten som hjå folket her. Eg har reist over store delar av jorda, eg har sett opp på høge fjell omringa av skyer eller med snødekte toppar. Eg har vandra gjennom lune dalar, sett fossar og reist på rolege sjøer og viltre elvar, likevel; dette gamle Norge ligg ikkje etter på noko vis, men gjev med sitt grove og barsk andlet sterke inntrykk av eit heilstøypt skaparverk i alle landsdelar. Desse småbøndene, som me somme tider møtte i innlandet, der levebrødet deira må skaffast ved mykje hardt arbeid og som gjennom den lange vinteren er nær ved å oppleva mangel på nødvendige goder, desse folka framstod som venlege og villege til å dela med oss alt det dei hadde av materielle goder.
Føraren vår var fast bestemt på at den neste dagen skulle nokre av mennene hans gå opp på Reinfjell og koma ned til fjorden med så mange dyr dei kunne. Tidleg neste morgon, den første mannen på dekket av kuttaren var vår norske ven, og han peika ut kursen til den staden som reinsdyra skulle koma ned. Me sigla mot denne plassen, og klokka tre om ettermiddagen kunne me sjå seksten nordmenn og like mange hundar koma ned ei fjellsida, og dei drog og slepa med seg fire reinsdyr.
Då mennene kom ned til fjoden, gav dei teikn til oss at me skulle koma på land og me så gjorde. Merksemda vår vart fanga av ein reinsbukk som var overraskande stor. Frå enden til nasen var han fem fot og to tommar, og frå hoven på framfoten til toppen av horna var han sju fot og tre tommar. Kroppen var like stor som på eit esel (5). Sjølv om bukken var skada etter farten ned fjellsida, var me innstilte på å ta han med oss til England. Men føraren vår rådde oss til å få bukken slakta og heller ta med oss ei simle og ein kalv. Motvilleg gjekk me med på det. Bukken var vill og rasande, og eg såg han sparka til ein mann så han dreiv fleire fot bortover stranda. Nordmennene hadde kontroll over bukken på ein genial måte. Tre tau var butne rundt horna på dyret, og tre menn stod rundt dyret, ein framme og ein på kvar side. Mennene var nøgne med at alle taua heile tida var stramme. Det var eit svært leven av kvinner, born, høge skrik og plystring på plassen. Me stod nokså nær dyret, for å sjå korleis slaktinga føregjekk. Tau med lykkjer vart lagde ned på bakken, og dei fekk beina på bukken inn i lykkjene. Så stramma dei lykkjene til og drog beina under bukken slik at fall rett i bakken. Ein av karane kom med ein stor kniv og køyrde han med stor kraft inn i skallen på bukken slik at bukken daua momentant. Simla og kalven vart heiste om bord i kuttaren. Eit av horna på simla vart brotne, slik at det raskt kom betennelse i det, og me måtte kappa det lenger inne. Dette vesle vakre dyret er framleis i live og kan bli sett i Zoologisk Hage i Regent’s Park, då begge dyra vart førte dit då me kom tilbake til England. Kvart hjørne på dekket var fylt med mose, for me hadde vorte fortalde at simla kom ikkje til å eta noko anna. Dette viste seg å vera sant, for då me fekk auga på den engelske kysten, var mosen oppeten, og simla ville ikkje ta til seg noko anna næring.
(1) han kallar Aurland for Auron;
(2) King er nordmann og snakkar norsk;
(3) det ser ut til at følgjet har landa nedanfor Onstad-bøane, og då er denne mannen mykje truleg Mons Klingenberg (1813-1892), som var far til gamle-lensmannen;
(4) forfattaren blandar saman griser og geiter;
(5) Dette er truleg ein god del overdrive. Dette var ei bok som skulle selja og gje inntekt, og då var det nok freistande å dramatisera forteljinga.
Utdrag og omsetjing av Åsmund Ohnstad